22. mai 2012

Sigur Ros - musikkvideoar

Mitt favorittband er islandske Sigur Ros. Enkelt og greitt. Bandet er så mykje meir enn musikk og det er så mykje meir enn musikken som ligg og duppar på hitlistene. Eg skriv på nynorsk no, det er heilt rett å skrive på nynorsk når det handlar om Sigur Ros. Dei kjem med ny plate på måndag og eg gler meg. Den høyres tyngre ut enn den forrige, dystrare, mørkare, men det høyres ut som Sigur Ros. Dei gjer kva dei vil og det gjer det med hjartet. Vi (altså fansen) har venta i fire år på denne plata. Jonsi (vokalisten) si soloplate var bra, men ikkje like bra. Vi merka det, men sa det ikkje til nokon.

Sigur Ros vart stifta i 1994 og det betyr siger-rose, oppkalt etter vokalistens lillesyster (Sigurros) som vart fødd same dag som bandet vart stifta. Dei strevde med uttrykket i starten og rett før dei gav ut debutalbummet, Von (1997), var dei nær ved å forkaste heile prosjektet. Smekkleysa Records, drevet av tidlegare Sugarcubes medlemmer, hadde likevel trua og det fyrste året selde dei den nette sum av 313 plater. Den kom ut på nytt i USA og Storbritannia i 2004.

Året etter gav dei ut Agætis byrjun med produsent Ken Thomas. Så vart singelen Svefn-g-Englar gitt ut i Storbritannia og det var då eg traff dei for fyrste gong. Ikkje personleg, men gjennom videoen til songen som varer i over 8 minutt. Det heile skjedde i 35 York Rd, Aldershot. Min gode venn og studiekamerat Iver Bostad hadde sett den først og tenkte at det her var noko for meg. Tveen var ikkje større enn den måtte, men musikken og videoen gjorde inntrykk.
Vi var like imponerte begge to, der vi såg desse downsborna dansa som englar. Lite visste eg då at eg sjølv skulle få ein gut med downs og i gode downslag viser eg denne videoen til andre foreldre og dei likar det. Slik er det med oss downsforeldre. Vi likar å sjå andre med downs som gjer ting. Songen har vore med i Vanillas Sky, CSI episoden Slaves of Las Vegas, The 11th Hour og i fjor var den med i den kanadiske filmen Cafè de Flore.

Men Iver hadde eit ess i ermet. På same dvden var det ein video til, B-sida, og det var då eg forstod at det gjekk an å vise andre ting i videoar enn bling bling hip hoparar med puppedamer og feite bilar som hoppar opp og ned. Ikkje at det er det verste, men no hadde vi funne det beste. Musikkvideoen var rett og slett ein kortfilm i slow motion, med skodespel frå øvste hylle. Den hadde bodskap og natur.
Regissørane Arni og Kinski (biletet under) hadde klart å skape eit uttrykk og ein stil som gav usletteleg inntrykk og videoen vann prisar på Island. Dei har og laga videoar med Snow Patrol og Placebo.

Dette er kanskje min favorittvideo gjennom alle tider, men den knivar med Radioheads - No Surprises. Som ein digresjon kan eg leggje til at Sigur Ros var oppvarmingsbandet til Radiohead i ein periode. Her kjem Vidrar Vel Til Loftarasa.
Den neste plata heiter ( ). Her hadde ikkje songane titlar og alle songane er sunge på Hopelandic. Eit konstruert språk som fonetisk liknar på islandsk, men dei vil at den som lyttar skal skape sine eigne meiningar. I samme periode samarbeidar bandet med Radiohead og skal gi ut ein split EP. Sigur Ros sine songar heiter Ba Ba, Ti Ki og Di Do. Radiohead sine songar kom aldri ut.

I 2005 kjem Takk og dei får kanskje sin aller største hit med songen Hoppipolla som betyr noko sånt som å hoppe i søledam. Musikkvideoen er atter eingong folkeleg og vakker der pensjonistar gjer røverstrekar. Eg er overtydd om at du har høyrt songen før. NRK har brukt den, BBCs Planet Earth, Fotball VM, i trailerne til filmer som Slumdog Millionaire og Children of Men og den er i sluttscena på Mark Palanskys film Penelope. Frå no av vert bandet eit av dei mest brukte banda i film og tv.
Her er Hoppipolla:
Ein annan singel frå plata, Glòsòli, vart spelt og vist mykje på NRK2 Svisj i si tid, før programmet vart jukebox med sjangrar som Danseband og Country.
Denne videoen har samme stil, men budsjettet er nok noko høgare enn det har vore før. Det er ein kanonbra video, som vanleg.
Etter suksessen reiser dei heim og lagar musikkdokumentaren Heima. Det er ein turnè som vert filma og bandet spelar på dei minste og raraste plassane. Folk strøymer til og i intervju får bandmedlemmane  filosofert over musikk, bransje og heimstad. Filmen gjekk på NRK for litt sidan, men her er den om du har 97 minutt til rådigheit.
I 2008 kjem Med Sud i Eyrum Vid Spilum Endalaust som betyr noko sånt som; Med støy i øyrene spelar vi uendeleg. Dette albumet fekk stort sett gode kritikkar og er nok mitt Sigur Ros favorittalbum.
Den eg vil vise her er ein staseleg video der bandet har pynta seg og reist til London. Àra Bàtur heiter verket. No står dei klare i sjølvaste Abbey Road og dei slår på stortromma for å seie det slik. Håper du ikkje er allergisk mot gåsehud.
Songen Festival frå samme plate vart brukt i klimakset til Danny Boyles herlege 127 Hours.

No ligg altså Valtari inne i Itunes systemet og ventar på at slike som meg skal drage fram VISA kortet førstkommande måndag kjøpe den nyaste plata i verda. Og eg skal det. Dei har solgt over ein million plater med sin smale musikk, utan å følge straumen. Videoane er like karakteristiske som før og den nyaste er like enkel som Bob Dylan og like stilsikker  som Ingemar Bergman. Den heiter Èg anda.
Heia Sigur Ros og heia egne vegar.

Det er godt å blogge igjen.

Vi snakkes!!